Sjakkturnering

Torsdag 5. november blir det sjakkturnering i Pi-happy. Turneringa blir spelt over 5 rundar med 20 min tenketid. Det heile byrjar klokka 18, med påmelding på epost til arnev@math.uib.no, eller mellom 17 og 18 i Pi-happy.

sjakkVed påmeldinga kan du gjerne skrive kva sjakkerfaring og evt rating du har, då vi har tenkt å ha klassar for ulike nivå. Av den grunn kan du fint vere med sjølv om du ikkje er den nye Magnus Carlsen.

Vi har ca 10 sett med brett og klokker, så dei som har meldt si interesse på førehand vil bli prioritert. Dersom du har høve å ta med klokke og brett sjølv, set vi stor pris på om du seier ifrå i påmeldinga. På den måten blir det mindre fare for at nokon ikkje får plass.

Det blir servering av kaffi og vafler og det blir flotte premiar både til totalvinnar og klassevinnarar.

Og dersom du berre har lyst på vafler, sjå nerdar i aksjon eller nyte ei forfriskning i Pi-happy, er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til det. Baren er open heile kvelden!

Sjakkturnering vart gjennomført i fin stil og vinnar vart Hannu Lyyniynen. Resultatliste kan du finne her.